Turstigruppa i Gamle Stangvik inviterer laurdag 12. september klokka 11:00 til «Årnesdagen» 2026 i grendahuset på Årnes.
«Årnesdagen» har vorte ei populær samling, med stort oppmøte kvart år.
I år er det Lars Gudmund Røen og Øyvinnd Holte som står for dei kulturelle innslaga. Elles blir det som vanleg servret gratis kaffe med mykje godt attåt, loddsal og det blir tid til å slå av ein prat.
Det er god plass for parkering ved Jørristufjøset, da er det berre eit lite stykke å gå ned til grendahuset, men det er også plass til nokre bilar ved grendahuset.
Turstigruppa i Gamle Stangvik ønsker alle vel møtt!

