Surnadal Arbeiderparti og Rødt Surnadal i samarbeid med fagforeiningar inviterer til 1. maifeiring i Surnadal kulturhus måndag 1. mai frå klokka 15:00. Det blir appell, hornmusikk, tale for dagen, dal av kaffe og kaker og loddsal.
«Trygghet for fremtiden»
Årets hovudparole under 1. maifeiringa er «Trygghet for fremtiden».
– Sjølv om vi har kome langt i dag, så er arbeidslivet akkurat no sett under press i heile Europa, sa Roar Nes (Rødt).
Ung appellant
Mie Aune held årets appell. Ho vil ta for seg korleis det er å vere ung i dagnes samfunn og korleis ho ser for seg framtida frå ein ungdom sin ståstad.
Underhaldning kaffe, kaker og loddsal
I tradisjon tru vil Surnadal Hornmusikk bidra med hornmusikk med avspeling av mellom anna «Internasjonalen».
Peder Vaagland kjem og spelar piano.
Det blir også sal av kaffe og kaker. I samband med arrangementet gjennomfører komiteen førehandssal på sitt store lotteri, eit lotteri der hovudgevinsgten også i år kjem frå Talgø, og er ein gassgrill frå Vilja. Det blir også høve til å kjøpe lodd i lotteriet under feiringa på kulturhuset.
Hovudtalar frå Fellesforbundet
Leiar i Fellesforbundet Møre og Romsdal og medlem i forbundsstyret, Cecilie Søllesvik, frå Angvik er årets hovudtalar.
Russeknute til russen
Nytt av året, er at alle som er russ i år, og møter opp og deltek på 1. maifeiringa før ein russeknute u russehuva si.
Arrangementskomiteen ønsker alle velkommen til 1. maifeiring på kulturhuset!

