Todalen sanitetsforening inviterte til temakveld om kvinnehelse torsdag 1.oktober. Tema for kvelden var fysisk og psykisk helse og medisinbruk hos eldre kvinner.
Kari Evensen har ein allsidig bakgrunn som sjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar og helsesjukepleiar. Ho har erfaring frå legevakt og intensiv ved St. Olavs, helsestasjon og skulehelsteneste, heimesjukepleie og geriatri. I dag arbeider ho med psykisk helse og rus både for barn, unge og vaksne. Det er viktig for alle menneske i alle aldrar å kjenne seg trygge, ha meiningsfulle dagar, oppleve fellesskap og bli sett.
Statistikken syner at unge vaksne er mest einsame og har flest symptom på psykiske plager, og at vaksne i alderen 67 – 79 år er minst einsame – berre 5,3 %. Men etter 80 år aukar prosenten av dei som rapporterer einsemd. Å vere einsam er ei subjektiv oppleving og ikkje det same som å vere åleine.
Det er viktig å hugse at eldre ikkje automatisk har dårleg psykisk helse, alderdom er ikkje ein psykisk sjukdom! Mange eldre har god psykisk helse og god livskvalitet. Men det er risikofaktorar som aukar med alderen: tap av familiemedlemmer og vener, fleire fysiske plager og mindre sosialt nettverk. Når temaet er eldre kvinner og psykisk helse, så handlar det om at kvinner lever lenger og utgjer ein stor del av den eldste befolkinga. Sorg kan gi sterke symptom utan at det betyr at personen psykisk sjuk, samtidig kan ein person i sorg utvikle depresjon eller alvorleg angst. Sorg er prisen ein må betale for kjærleiken.
Angstdempande medisin og sovemedisin kan vere til god hjelp i vanskelege periodar i livet, men det må ikkje bli langvarig bruk utan vurdering av lege. Og kanskje kan andre tiltak som samtaleterapi hjelpe godt. Sjølvmedisinering med alkohol og tablettar for å dempe angst, uro og søvnvanskar er absolutt ikkje å anbefale. Eldre personar tåler alkohol dårlegare enn yngre. For mykje og sterke medisin/alkohol kan lett føre til at brukaren blir ustø eller forvirra, og det er fare for fall og skader. Eldre må få medisinar som er nødvendige, men viktig å passe på at det er rett dose og sjekke kva slags verknad dei ulike medisinane har på kvarandre.
Målet er ikkje færrast moglege tablettar, men riktig behandling!

Kaffe, kaker og frukt smaka godt, og deltakarane var engasjerte og stilte spørsmål. Foto: Dordi Jorunn Halle.


