Ein kan vel seie at det har vore ein spesiell sesong for laksefiske i Toåa og dei andre elvane på Nordmøre. Sluttsummen ser ut til å bli 42 laks og aure med ei gjennomsnitssvekt på 2,6 kg – den største laksen denne sesongen er 7,8 kg og einaste storlaksen.
Egentleg er det eit tragisk resultat og er nok prega av at elva var stengt i 4 veker, men 30 laks på ei veke når ein opna opp igjen viser at det var fagleg forsvarleg å gjera det, fortel Stig Husby som er prosjektleiar for laksefisket i Toåa. Men til tross for vanskelege forhold i elva har det vore god stemning blant fiskarane og Stig berømmer fiskarane for fin oppførsel i elva. Sjølv om naboelvane har vore stengt, så har det ikkje vore stor tilstrøyming av fiskarar frå andre elvar – men heller gamle kjente.
No er det gytefiskteljing på gang og det skal bli spennande å sjå resultat av den, seier Husby, som trur det er bra med fisk i elva. Elles vil vi kome med ei skikkeleg evaluering av årets laksefiske litt seinare. Stamlaksfisket nærmar seg og med stormskritt – det vil og gje eit signar om «rikets tilstad».


