Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innsamlingsaksjon – ta vel i mot bøssebærarane!

Jon Olav Ørsal Sundag 18. oktober 2026

TV-aksjonen med innsamling til Flyktningehjelpen er i full gang.  I Todalen er det fleire lag som er ute, og dei dekkjer heile bygda slik at all vil få besøk i ettermiddag eller kveld.  Arndis & Magne Søyset er eit av laga som er ute og dei rapporterer om stor vilje til å putte pengar på bøssa.  Dersom folk ikkje er heime så får dei ein lappe på døra med altenativ måte å bli bidragsytar på – enten Vipps eller bruk av bankgiro.  

Vi du bruke Vipps så er nummeret 2133,  medan bankkontoen som kan nyttast er 8380 08 09005 – her kan du gje eit valfritt beløp som du bestemmer sjølv.  

Publisert: 18. oktober 2026, 14:50