Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innhaldsrik og interessant Næringslivsdag i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. mars 2026

Onsdag inviterte SpareBank 1 Nordmøre til Næringslivsdag i Storstuå på Surnadal kulturhus. Litt over to hundre var påmeldt til årets utgåve av Næringslivsdagen, ein dag der høgdepunkta sto i kø heile dagen!

Jostein Ansnes song i gang det heile med ein eigenkomponert song om fotball og ein song av McCartney/Lennon.

Administrerande direktør i SpareBank 1 Nordmøre ønskte velkommen og orienterte litt om banken. Foto: B G Ansnes

Velkommen til Næringslivsdagen 2026

Administrerande direktør i SpareBank 1 Nordmøre, Allan Troelsen ønskte velkommen til Næringslivsdagen 2026 i Storstuå på Surnadal kulturhus. – Alltid en ære og glede å kunne ønske velkommen til vakre Surnadal og næringslivsdagen vår, sa Troelsen i si velkomsthelsing.

Troelsen orienterte om banken sin status med tanke på økonomi og kundeportefølje. Han understreka at god økonomi med gode økonomiske resultat er heilt avgjerande for at banken skal vere rusta for å vere ein støttespelar for det lokale næringslivet.  

Sjølv om det er enkeltbransjar som slit, så hadde Troelsen god tru på framtida for næringslivet lokalt, regionalt og nasjonalt.

Jan Erik Larsen var også i år konferansier for Næringslivsdagen i Surnadal. Foto: B G Ansnes

Rutinert konferansier

Jan Erik Larsen frå Kruse Larsen var også i år konferansier for Næringslivsdagen, ein rolle han gjennomførte med bravur. – Vi må se det store i det lille og det lille i det store, sa han i innleiinga si.

Kamilla Storvik Jensen er direktør ved Frichs Hotell Surnadal . Foto: B G Ansnes

Kamilla Storvik Jensen

Kamilla Storvik Jensen er nytilsett hotelldirektør ved Frichs hotell i Surnadal. Ho orienterte litt generelt om Frichs-kjeda og om Frichs hotell Surnadal spesielt. Jensen understreka at dei ønsker å vere eit hotell for lokalsamfunnet, samtidig som dei vil vere ein attraktiv destinasjon regionalt og nasjonalt.

– Nøkkelen til å bli en attraktiv destinasjon er et samspill med lokale aktører, sa Jensen.

– Ønsker alle gode krefter drar sammen for å skape gode opplevelser for gjester, la ho til

Frichs hotell Surnadal er eit kurs og konferansehotell med 70 senger, som Jensen ønsker å kunne fylle, men ho ønsker også at andre lokale aktører skal få gjestar, sa ho under Næringslivsdagen.

Ho understreka at saman kan dei dra fleire folk til Surnadal. – Vi er avhengig av å kunne være en destinasjon dit folk kommer for opplevelser. Da må alle krefter dra sammen, sa ho.

Jensen gleder seg til å bli kjent med dei andre aktørane innafor reiseliv og service i Surnadal kommune, for at dei saman skal kunne bygge ein attraktiv destinasjon i kommune.

Programleiar Brit Polden. Foto: B G Ansnes

Brit Polden

Brit Polden er aktuell som programleiar for NRK-serien «Nasjonale turistvegar» – ein rolle ho kombinerer med sin lidenskap for geografi, kultur og menneske.

Ho viste første ein liten introduksjon frå NRK-serien «Nasjonale turistvegar».

Ho fortalte om bakgrunnen for korleis ho vart programleiar i NRK og samarbeidet ho har innleia med Tor Sivertstøl.

Ho kunne avsløre at ho heile livet har hatt ein draum om å bli programleiar på TV, men at ho var i ferd med å gje opp draumen da Sivertstøl tok kontakt og ville ha henne med i NRK-serien.

Dei to er no i gang med produksjonen av sesong to av NRK-serien.

Ho meinte Nordmøre er ein underkommunisert destinasjon, noko ho meinte det skulle ha vore gjort noko med.

Jostein Ansnes song fleise songar og fortalte om TIA hotel i Liverpool. Foto: B G Ansnes

Jostein Ansnes

Jostein Ansnes er ein norsk gitarist, musikkprodusent, fagforfattar og hotelldirektør, som er busett i Liverpool. Han har sidan 2018 vore dagleg leiar for Hotel TIA (This is Anfield), men arbeider også som musikkprodusent, foredragshaldar og gitarist for ulike artistar. Jostein er utdanna filolog frå Universitetet i Trondheim.

Ansnes fortalte om lidenskapen for fotball, og da spesielt Liverpool FC, som har ført til at han og kona Ragnhild har valt å satse på hotelldrift gjennom TIA hotell i Liverpool.

Han fortalte at dei har stor tru på framtida, og at hovudfokuset for dei er å halde fokuset på det dei driv med. Dei har akkurat fullført ei femårig strategiplan for vekst.

– Alt handler til sjuende og sist om kjærlighet til Liverpool FC og The Beatles, avslutta Ansnes.

Ola Ulvund er dagleg leiar for Hycast på Sunndalsøra Foto: B G Ansnes

Ola Ulvund

Ola Ulvund er dagleg leiar for høgteknologibedrifta Hycast på Sunndalsøra. – Sunndal er kalla aluminiumsdalen og har eit unikt miljø for aluminiumsproduksjon, sa Ulvund.

Hycast vart starta i 1990 og forskar på produkt av aluminium og utviklar desse.12 av dei rundt 70 tilsette i bedrifta er busett i Surnadal kommune, og gjer at Hycast er ei regional bedrift.

Ulvund fortalte at det er inovasjon og teknologi som styrer utviklinga av framtida til Hycast, og at dei samarbeider tett med fagmiljø hos mellom anna SINTEF og NTNU.

Utvikling av kompetanse er viktig for å utvikle bedrifta understreka Ulvund. Dette gjeld både utvikling av medarbeidarane og framtidige medarbeidarar. – Vi må være opne og nysgjerrige for å lykkes, sa Ulvund.  

Bedrifta må også i tillegg til kompetanse ha tilgang på kapital.

I 2024 fekk Hycast fekk prisen Norges smarteste bedrift for produktet Insight av Norsk Industri.

Ivar Haugstad. Foto: B G Ansnes

Ivar Haugstad

Ivar Haugstad er utdanna sosialantropolog med ein mastergrad frå Universitetet i Oslo. I masteroppgåva si skreiv han han om faktorar som gjer ein turistattraksjon til eit yndet reisemål for tilreisande.

Han understreka et det var viktig for utvikling å vere nysgjerrig og leken.

Han sa det var tre grunnleggande faktorar som var viktig i bygging av gode relasjonar, nemleg: å sjå, å ta i mot og å gje attende.

Vinnar av Utviklingsprisen 2025, Live Krangnes Edvardsen. Foto: B G Ansnes

Utviklingsprisen 2025

Fjorårets vinnar, Møbel-Fiske ved Jarle Fiske fortalte at dei bruka fjorårets gåvesjekk på ein tur til Svinvik gard, og skulle bruke resten av gåvesjekken til ein tur på Frichs hotell Surnadal. Så ein kan trygt seie gåvesjekken har gått attende til lokalt næringsliv!

Utviklingsprisen 2025 gjekk til Live Krangnes Edvardsen

Ulf Sverdrup

Ulf Sverdrup

Ulf Sverdrup, opphaveleg frå Kristiansund, er professor ved Institutt for rettsvitenskap og styring ved Handelshøyskolen BI. Han var direktør for Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI) frå 2011 til 2023, og har doktorgrad i statsvitskap.

Han understreka at vi måtte ha tru på framtida, sjølv om det akkurat no kan sjå mørkt ut.

Kåre Reidar Aas i samtale med Jan Erik Larsen. Foto: B G Ansnes

Kåre Reidar Aas

Toppdiplomat Kåre Reidar Aas tok for seg litt om kva verdas mange konfliktar har å seie for oss i Norge og framtidsutsiktene våre, og da spesielt i høve til olje- og gassproduksjonen på verdsbasis.  

Han kom også inn på NATO-samarbeidet og kva USA si haldning til NATO har å seie for alliansen si forsvarsevne. Han understreka at USA sin atomparaply er særs viktig for Norge i høve til ein eventuell trussel frå Russland.

Aas kom også litt inn på korleis det mest sannsynleg vil sjå ut politisk etter mellomvalet i november. Han kom også inn på utsiktene for fred i Ukraina, men her trudde han det ville bli ein krevjande prosess, og han trudde det ville ta lang tid før vi fekk eit normalisert forhold til Russland att.

Åsne Seierstad. Foto: B G Ansnes

Åsne Seierstad

Åsne Seierstad er ei av Norges mest leste og kritikerroste sakprosaforfattarar, kjent for bestselgande og prisvinnande bøker som «Bokhandleren i Kabul» og «To Søstre». Hennar niande bok «Ufred» – Russland fra innsiden kom ut i september 2025.

Ho fortalte oss at Russland no er eit stengt land, der all aktivitet på internett og andre media blir overvaka av myndigheitene. Myndigheitene kontrollerer også all informasjon innbyggarane får tilgang til, noko som mellom anna inneber at befolkninga får særs avgrensa og myndigheitsstyrt informasjon om mellom anna krigen i Ukraina.

Seierstad fortalte også om boka si «Ufred» og korleis denne boka vart til. Ho fortalde her om menneska ho møtt medan ho skreiv boka.

Da ho skulle søke om visum for å komme inn i Russland under bokskrivinga, måtte ho under formål med visumet skrive at ho skulle skrive bok om russisk kultur og samfunn, for i det heile tatt å få innvilga visum.

Til slutt kunne Seierstad fortelje at sjølv om Russland er eit lukka land med sterk sensur av media og strenge lover for ytringar, så finst det likevel ein opposisjon mot krigen i Ukraina, men denne opposisjonen er særs liten og får sjølvsagt inga mediamerksemd.  

Ken André Ottesen. Foto: B G Ansnes

Ken André Ottesen

Ken André Ottesen har gjort BAdesKen til et fenomen på sosiale medier.

Han var glad da han passerte Orkdal, for da vart vegane og standardane på desse like dårlege og smale som på Toten.

Ottesen er glad i store og små medier. Han viste på sin humoristiske måte eksempl på når bilde og tekst ikkje fortel det same, skryter av eller snakka ned bygda.

Dette kan settast saman til historier som han meinte kunne seie noko om Norge. Ottesen sette på denne måten eit humoristisk blikk på nyheitene både nasjonalt og lokalt

Oppsummering

Jan Erik Larsen oppsummerte dagen med eitt ord, FANTASTISK, og det er det lett å vere einig med han i. Det var ein innhaldsrik og interessant Næringslivsdag med mange kunnskapsrike, interessante, inspirerande og humoristiske gjestar!

 

 

 

 

Først publisert: 25. mars 2026, 19:33 - Sist oppdatert: 27. mars 2026, 06:58