Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ingrid Fagerli blir ny kommunalsjef Livsløp

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. februar 2026

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i ettermiddag, blir vi fortalt at Ingrid Fagerli, som bur på Storås, har takka ja til å bli kommunalsjef Livsløp i Surnadal kommune. Fagerli kjem frå stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg i Rennebu kommune, ei stilling ho har hatt dei siste seks åra. Ho har i tillegg brei erfaring frå både offentleg og noko privat sektor på CV-en sin.

Fagerli har utdanning frå Universitetet i Bergen, BI, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Hedmark, og har også delteke i toppleiarprogrammet for kommune- og spesialisthelsetenesta.

Fagerli tek til i stillinga i starten av juni, og Surnadal kommune ønsker ho velkommen til å bli ein del av kommuneleiinga i kommunen.  

– Med hennar solide kompetanse og omfattande erfaring er vi trygge på at ho vil bli ein viktig ressurs i arbeidet med å møte både moglegheiter og utfordringar for framtidas Surnadal kommune, heiter det til slutt i pressemeldinga frå Surnadal kommune. 

Først publisert: 9. februar 2026, 16:24 - Sist oppdatert: 12. februar 2026, 15:11