Kven får tilbod om vaksine?
Surnadal kommune sitt vaksinasjonstilbodet gjeld personar som er i risikogruppene for influensa og korona.
Dette omfattar alle som er 65 år eller eldre, og andre som tilhøyrer risikogruppene.
Personar som ikkje er i risikogruppene, kan ta kontakt med apotek dersom dei ønsker vaksinasjon.
Bestill time i HelsaMi
Bestiller time til vaksinering, gjer ein som tidlegare nemnt i HelsaMi. Timebestillinga opnar i veke 42, frå og med måndag 12. oktober.
Slik bestiller du:
- Opne appen HelsaMi
- Gå til menyen og vel «Bestill time»
- Vel Surnadal kommune
- Vel fagområdet «Helsestasjon»
- Fyll ut informasjonen etterspurt informasjon
- Vel tidspunkt for vaksinering
Frå måndag 2. november kan ein også bestille time for vaksinering ved å sende SMS eller ringe 913 79 001.
Bestiller ein via SMS, må ein oppgje:
- namn
- fødselsdato
- kva vaksine ein ønskjer
Når og kvar?
Vaksineringa skjer på helsestasjonen ved Surnadal kommunehus på Skei
Vaksineringa går føre seg
- måndag 9. november klokka 09:00 – 15:00
- tysdag 10. november klokka 09:00 – 15:00
- onsdag 11. november klokka 09:00 – 15:00
Ein må hugse å bestille time før ein møter til vaksinering!.
Ta på klede med erme som er enkle å brette opp vaksineringsdagen. Er ein sjuk, skal ein ikkje møte til vaksinering.
Pris
- Influensavaksine, kroner 310,-
- Koronavaksine, kroner 110,-
- Influensa- og koronavaksine, samtidig kroner 395,-
Ein kan betale for vaksineringa med kort eller Vipps.
Tilbod om pneumokokkvaksine
Personar som er fødde i 1960 og 1961, får tilbod om pneumokokkvaksine på helsestasjonen. Pneumokokkvaksina kostar kroner 110,-.
Andre som ønsker eller har spørsmål om pneumokokkvaksinering, må ta kontakt med fastlegen sin.

