Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje ta ned løypeflagga

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. august 2026

I samband med Trollheimen Fjellsportklubb sitt Trollheimen Ultra, som blir arrangert i helga, har arrangøren no sett opp løypeflagg, som markerer løypetraseen rundt om i Todalen og opp til Tjønnmyran. 

Arrangøren ber om at løypeflagga får stå, og ikkje blir tekne opp, da desse markerer kvar løypa går. Arrangøren vil sjølv ta ned løypeflagga når løpet er ferdig i løpet av søndag.  

Slik ser løypeflagga ut. Foto: B G Ansnes

Trollheimen Utra har start og målgang på Bordholmen. Starten er laurdag morgon klokka 06:00, og det er venta at dei første vil passere målstreken rundt klokka 18:00 laurdag kveld. 

Publisert: 13. august 2026, 07:56