I dag starta oppryddingsarbeidet i branntomta etter husbrannen, der familien Bolme mista budstaden sin i brannen i Bekkerhagen bustadfelt på seinsommaren. Det er no over 5 månader sia brannen den 4. august, og det er AF-gruppen som har fått jobben med å rydde tomta etter at tomta vart frigjeven frå forsikringsselskapet i desember.
Ryddingsarbeidet tek nok nokre dagar – litt etter kva dei treffer på av forurensing, og kva tiltak som må settast inn av den grunn.

Det var måndag 4. august i fjor at huset til Bolmefamilien brann ned til grunnen i ein eksplosiv og heftig brann. I dag starta oppryddingsarbeidet i branntomta. Foto Jon Olav Ørsal
Ivar Bolme fortel at familien er godt i gang med planane for nytt hus på branntomta, og han reknar med at nyhuset går ut til anbudsrunde i løpet av nær framtid. Vidare er det nok ei stor papirmølle før det er klart for å starte bygginga, trur Ivar. Han reknar med at nytt hus vil stå klart i løpet av neste vinter – kanskje til jul, dersom vi er heldiga, sier han håpefullt.

