Surnadal kommune legg no forslag til fastsetting av grensa mellom elv og sjø for elva Toåa ut på offentleg høyring. Bakgrunnen for dette er behovet for å avklare kva fiskereglar som gjeld i området. Det er kome inn to ulike forslag til grensedraging frå grunneigarar, og kommunen ønsker innspel før det blir fatta endeleg vedtak.
Det er også mogleg å kome med høyringsinnspel til andre løysingar enn dei som er skisserte i høyringsdokumentet.
Meir informasjon finn ein på surnadal.kommune.no
Frist for å sende inn høyringsuttale er sett til 20. august, og skal sendast på e-post til post@surnadal.kommune.no eller i posten til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

