Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjertemarsjen som vart til Folkehelsemarsjen

Jon Olav Ørsal Fredag 8. mai 2026

Det betyr altså at Folkehelsemarsjen er ikkje nokon ny marsj, men rett og slett ei fortsetting av Hjertemarsjen som Surnadal demensforening og helselag har stått som arrangør av i mange år. I kveld vart altså den første Folkehelsemarsjen arranger med utspring frå den nye Frivilligsentralen, og marsjen gikk nedover i retning Svartvassparken og langs elvepromenaden.

Bodil og Johs Vaag deltok i Folkehelsemarsjen og Quizen – foto Jon Olav Ørsal

På denne streninga var det lagt ut 12 postar med Quiz – der det var allsidige spørsmål som måtte løysast på vegen nedover Svartvassparken.  Det vart nok litt grubling, og det var nok mange som var spente på enkelte av svara.  Så når Mary Ann Foldnes Fiske tok ein gjennomgang, var det Randi Reiten som klarte flest rette –  faktisk 11 av 12 svar hadde ho rett.  Hakki hel hadde ho 2 med 10 rette, nemleg May og Oddlaug Johansen. 

Mary Ann Foldnes Fiske hadde fasiten til Quizen – ho var imponert over svara. Foto Jon Olav Ørsal

På Frivilligsentralen (No altså på Kulturhuet) var det traktering med drikke,  frisk frukt samt kaffe og kaker og til slutt vart det premieutdeling med massevis av flotte premiar. 

Liv Botten og Lilly Gunnoppfordrar fleire til å bli med – Liv er leiar i Surnadal medan Lilly Gunn er leiar i fylkeslaget for Møre og Romsdal. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. mai 2026, 16:00