Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielaget byr på busstur til Kristiansund

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mai 2026

Torsdag 25. juni byr Todalen historielag i lag med Stangvik historielag på busstur  til Kristiansund.  Dei to historielaga har aliert seg med Nordmørsmusea, som har lagt opp eit interessant program under opphaldet i Kristiansund. 

Sjølvsagt går turen aller først til det nybygde kulturhuset Normoria, og vidare til Klippfiskmuseet og til slutt Mellemverftet.  Altså mykje interessant å sjå og høyre før ein rundar av med middag på Kranaskjæret restaurant i Vågen ca kl 15:00

Bussturen startar frå Matkroken Todalen kl 8:00 og går via Kvanne og Ålvundfjord og vidare over Krifast til Kristiansund.  Sjå meir detaljert program på plakaten nedafor.  Påmelding til John Moe tlf 920 48 856 eller Einar Grønnes 918 94 944 innan 15. juni.  Pris for medlemar er kr 850 / ikkje-medlem kr 1000,-.  

Todalen historielag og Stangvik historielag er medlemar i Todalen.no

Publisert: 6. mai 2026, 07:19