Etter ein middelmåtig dag på onsdag – sterkt prega av uhell og høgdeproblem, så kan vi seie at dei har reist kjerringa i dag, da dei sikra seg 7., 8. og 11. plass i dagens vertikal i klasse U20 menn.
I dag var det Iver Holen frå Tromsø som vart beste nordmann på 7.-plass, medan Isak Drøpping hamna på 8.-plass med fattige 4/10 sekund etter Holen. Aron Rodal haugen var også hakk i hel og kom på 11.-plass med 1:36.7 etter bestetida til italienaren Carlo Mazzoleni som var først i mål. Holen og Drøpping var 1:18.1 og 1:18,5 etter bestetida.
Vidare så hamna Selmer Helgeland på 23.-plass og Mads Gjethammer på 34.-plass. Det var totalt 35 deltakarar i klasse U20 menn, der det totalt var 35 deltakarar. Nok ein gong har juniorlandslaget vist at dei er med og klarer å markere seg i teten.
Onsdag var som sagt prega av både uhell og høgdeproblem. Isak hadde eit fall, og fikk øydelagt den eine skiskoen, medan alle hadde litt problem med å ta seg ut i så stor høgde. Konkurransane går nemleg i over 2000 meters høgde. Det blir lett problematisk når ein er vant til å konkurrere på havnivå.
Fredag er det kviledag for heile gjengen, med laurdag er det sprint, og søndag er det mix-stafett som står på programmet før gjengen tek påskeferie på heimebane.
Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no


