Ved gapahuken i Båthølen er ein ny kvilebenk på plass. Det er Pensjonistforbundet Surnadal som er sponsor, og det er altså «Toåa tursti» som er mottakar. Torsdag var det montering av skilt på benken, for å vise kva opphav den har. Wenche Kvendset representerte Pensjonistforbundet Surnadal og Jon Husby representerte mottakar.
Benken er laga hos Rosenvik AS på Storås, og er av det solide slaget. Den er laga i royalimpregnert furu og sjølvsagt laga med tanke på at den kan stuå ute ein styggversdag. No står benken attmed gapahuken i Båthølen, men kvar den skal få si endelege plassering blir avgjort seinare.
Det vil nok bli mange som blir glade for å finne ein benk det det går an å slå seg ned og ta ein kvil på turen gjennom turstien – sia 2020 er det fleire tusen som har gått Toåa tursti som går frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua.





