Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du treft Martine og Mathea?

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2026

Handelsmann Sondre introduserer dei to sommarvikarane som har starta på jobb på Matkroken Todalen dei siste dagane.  Vi tykte det var på tide at Jorid fekk tid til litt ferie, og dermed vart det sommarjobb til Martine Redalen og Mathea Hoem som hadde spurt på sommarjobb på Matkroken.  Mathea skal jobbe måndag og torsdag med vareinnfylling, medan Martine går inn i skiftorninga og vil jobbe med kassaarbeid, innfylling av varer og anna forefallande arbeid.  Begge blir på Matkroken til uti august ein gong, fortel Sondre.

Svein Arne Flyum frå Verdal er innom for å sikre seg dagens nyheiter hos Martine. Foto Jon Olav Ørsal

Martine fortel at ho kjem frå Trondheim men at ho genetisk er mesta rein Todaling og bur på Høgtun no i sommar.  Tidlegare har ho jobba på kafe i Trondheim, men har ikkje noko erfaring frå butikk.  Mathea har heller ikkje erfaring frå butikk, men begge tykkjer det er ein grei arbeidsplass, og det er triveleg å treffa – og bli kjent med folk.  Det er mykje folk som er innom butikken no i ferietida, for ferietrafikken er alt i gang.  Sondre seier at juli er største handelmånad i heile året for Matkroken Todalen – faktisk større omsening i juli enn i julemånaden. 

Martine og Mathea – dei sørger for at hyllene i butikken er velfylte som ein del av jobben. Foto Jon Olav Ørsal

Begge dei to damene går på vidaregåande skule, Marthe studerer helse og oppvekstfag i Surnadal, medan Martine studerer landbruksfag i Trondheim. Dei har enno ikkje bestemt seg for kva dei skal bli når dei bli stor. Det er nok mange moglegheiter innafor helsefag, seier Mathea, medan Martine har lukta litt på veterinæryrket.  

Men i sommar vil du iallfall treffe dei to på Matkroken Todalen og da spørs det om dei får smaken på butikkyrket – det er iallfall kjekt å ha ein sommarjobb å gå til og kjekt å få litt påfyll på bankkontoen til neste skuleår startar i slutten av aaugust.  Vi seier berre god sommar!

 

Publisert: 6. juli 2026, 16:00