Todalen sanitetsforening takkar alle som har kjøpt fastelavnsris og slik støtta arbeidet til Sanitetskvinnene!
Tradisjonen med fastelavnsris frå Sanitetsforeninga er 80 år gammel, og inntekta går til forskning på kvinnehelse. Forskning på kvinnehelse har vore eit forsømt område fram til dei siste åra. Ny kunnskap har ført til både aksept og forståing for at helseproblem for kvinner og menn på mange område er forskjellige.
Sanitetsforeninga melder at det framleis er høve til å kjøpe fastelavnsris.
Du kan kjøpe ris ved Matkroken Todalen. Det er sjølvbetening.
Prisen for både bjørkeris og hjarte av lerk er 150 kroner. VIPPS 101456. Fjør til Sanitetstreet kostar 25 kroner.
Fastelavnssøndag var 15. februar. Frå fastelavn til første påskedag er det sju veker, altså 49 dagar.


