Torsdag kveld arrangerer Hageland Surnadal handlekveld, der lokale matprodusentar kjem for å by fram sine varer. Anita Talgø seier at handlekvelden på Hageland har vore tradisjon gjennom mange år, men denne gongen er det nytt at lokale matprodusentar blir med frå kl 16:00 og utover til hagesentret stenger kl 20:00.
Denne kvelden har Hageland mange gode tilbud å by på så det kan lønne seg å ta ein tur innom, seier Anita. Dei lokale matprodusentane som deltek på handlekvelden er:
- Sjøulken
- Pestua Egg
- Kethom Sushi
- Ansneset Gard
- Todalshonning
- Lia Gard Bakeri
- Vorpå Lokalmat



