Laurdag 17. oktober inviterer Matkroken Todalen til lokal markering av «Handle lokalt-dagen». Eivind Grønmyr (Steinarstua) stiller med nykoka graut, så det blir servert gratis bakels med graut og kake og ein uformell quiz frå klokka 10:00 og utover dagen.
Gode tilbod heile dagen
I tillegg til tilbuda i Matkroken si kundeavis, er det 30 prosent rabatt på all desertis, småis og multipakkar med småis.
Bli med i trekninga
Alle som handlar denne dagen kan bli med i trekninga av ein fin premie. Det einaste ein treng å gjere for å vere med, er å skrive namnet sitt på kvitteringa og levere denne i kassen.
Gåvekort til dei som handlar for over 1 000-lappen
På laurdag får også alle som handlar daglegvarer, altså ikkje drivstoff, landbruks- eller jernvarer, for meir enn 1 000,- kroner, eit gåvekort på 300,- kroner.
Deler ut refleksvester og buffar
Den som vil får også Coop-refleksvest og buff, så er ein i alle fall godt førebudd på den mørke årstida, som no står for døra!
Matkroken Todalen ønsker alle velkommen innom til ein hyggeleg laurdagshandel med gode tilbod, kaffe, bakels med graut, kake og quiz!


