Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Halvor til topps i Dammen Opp 2026

Jon Olav Ørsal Sundag 7. juni 2026

Dei store racerane var ikkje å finna på startstreken da startskotet gikk for Dammen Opp 2026 på Nordvik i dag.  Både Håvard, Aron, Isak og Erik var opptekne på anna hold i dag, og dermed vart det «veteranseier» på Halvor Drøpping som gjekk til topps i årets konkurranse på tida 16:55 som er rundt 3 minutt etter løyperekorden til Isak Drøpping. 

På andreplass kom Frode Grandetrø på 17:37 og på tredjeplass kom Emil Ansnes på tida 18:29.  I kvinneklassen var det ingen som deltok , og der sakna vi Lisabet Sæterbø som er noteert med løyperekorden for damer på 18:17.  Totalt var det eit tjuetals deltakarar på årets vårutgåve av Dammen Opp 2026.  

Resultatlista frå dagens motbakkeløp delt på Konkurranse, Trim med tid og Trim uten tid.  Det er Trollheimen Fjellsportklubb som som er arrangør av Dammen Opp 2026.

 

Premieutdeling – klubbens leiar Mette Sæter Ormset sørger for at vinnarane får premie

Kaffe og bakels var ikkje feil etter at motbakkeløpet var unnagjort. Foto Jon Olav Ørsal

Ingvild Kårvatn og Elea Ansnes går i mål. Foto Jon Olav Ørsal

Det er Trollheimen fjellsportklubb som står som arrangør av Dammen Opp 2026 – motbakkeløp som går frå Forsamlingshuset på Nordvik og opp til inntaksdammen for Nordvik Kraft. 

Heile gjengen samla til fotografering – Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 7. juni 2026, 15:06 - Sist oppdatert: 8. juni 2026, 05:51