Torsdag var Halsapensjonistane på heildags «utror» til Todalen. Med 24 påmeldte pensjonistar, var første stopp på Bygdemuseet på Åsen, med omvisning i utstillingane. – Vidare fortsette turen til Svinvika, der omvisning og kaffepause i arboretet stod på programmet. Så gikk ferda vidare til Todalen og stans i godt og vel halvanna time på Gammelfabrikken.
Her var det briefing i Talgø-historia, frå starten i 1899 og fram til i dag. Med andre ord fekk pensjonistane høyre om livet i Brusetmarka gjennom 3 forskjellige århundre. Vidare bar det opp i 2. etasje til Trollheimsutstillinga, og den historiske utstillinga med både gamle møblar og gammelt verktøy.

Eit glimt frå Trollheimsutstillinga som er lokalisert til 2. etasje på Gammelfabrikken. Foto Jon Olav Ørsal
Todalsbesøket vart til slutt runda av med middag på Todalshytta, der dei vart traktert med gryterett med tilbehør. Etter ein lang og aktiv dag tok den gule bussen på heimveg til Halsa igjen.

