Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hallvard er spesialist på svartelista planter

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juni 2026

Hallvard Nes representereer Bygdaservice Øksendag når han dreg rundt i kommunane Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Gjemnes på oppdrag for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.  Med sprøytesertifikat og yrkesdyrkarbevis er han sertifisert til å handtere plantevernmidlar som trengs i jobben med å ta knekken på rynkeroser og kjempespringsfrå som dei har fokus på i første omgang. Det er Miljøavdelinga hos Statsforvaltaren som er oppdragsgjevaren og Hallvard driv saman med 10-15 andre som alle jobbar som sjølvstendige næringsdrivande. 

Hallvard blir i Todalen i fleire rundar utover sommaren. Foto Jon Olav Ørsal

Denne gongen er eg åleine på jobb i Todalen, og her er det fleire forekomstar av både rynkerose og kjempespringfrø, så det blir nok fleire runda his for å kontrollere resultatet i løpet av sommaren.  Må nok ha finvêr og vindstille når vi skal jobbe med plantevernmidlar, slik at kjemikaliane hamnar der dei skal.  Elles brukar vi litt forskjellige metodar for å få best muleg resultat alt etter korleis forekomstane er og kvar dei er lokalisert.  

Hallvard i full mundur og med tåkeryggsprøyte klar til innsats. Foto Jon Olav Ørsal

Sprøytemiddelet som blir bruka i denne omgangen er «Round Up» eller glysofat som tek knekken på «ugraset».  Vi har etter kvart ganske god oversikt over kvar vi finn slike bestandar rundt om kring i bygda, men vi går ikkje inn i private hagar for å finne raudlista planter, men dersom du har slike planter i hagen di, så kan du be om profesjonell hjelp til å få dei fjerna.  Da tek du berre kontakt med Hallvard på telefon 419 33 801 og avtalar direkte med han. 

Publisert: 17. juni 2026, 13:10