Hageland arrangerte julemarknad for første gong i 2024 – da inviterte dei med i overkant av tjue lokale matprodusentar, og andre som hadde lyst til å være for å selje sine handverk. Det vart ein kjempesuksess, med mykje folk og bra sal av lokalproduserte varer.
Dermed var suksessen sikra, og no har vi bruka eit heilt år på å leggje planar for årets julemarknad som arrangerast komande laurdag 29. november i Hageland og Byggmakker sine lokalar på Syltøran, fortel Nina Monsøy på Hageland som er «marknadssjef».
Da vi starta med detaljplanane satt vi med godt over tretti påmeldte før vi fekk sukk for oss, og til slutt måtte vi slå strek på 44 påmeldte til årets julemarknad. I år tek vi i bruk heile arealet i butikkane til både Byggmakker og Hageland og det blir ei gjennomgåande «handlegate» frå ende til ende, og da lyt vi berre hushaldere med den plassen vi har tilgjengeleg, seier Nina som ikkje legg skjul på at ho gler seg til marknaden – sjølv om det kanskje er med litt skrekkblanda fryd.

Anita Talgø og Hubertine Roebroek gler seg til julemartnan – det er litt triveleg når det er mykje folk i butikken. Foto Jon Olav Ørsal
Vi har lagt stor vekt på at det skal være eit stort mangfald i produktutvalet, og det blir ei fin spennvidde frå strikkevarer, forskjellig tradisjonsmat og til heimebrygg frå det nye bryggeriet på Sætergarden – skjenkeløyve er alt på plass.
Anita Talgø tykkjer det er fint at vi kan ha slik stor bredde i varetilbodet, og at så mange kan bli med – vi er tross alt litt avhengige av å hjelpe fram kvarandre. – Og vi skal kose oss i lag med kundane denne marknadsdagen, legg ho til. Det kjem til å bli servert eit tosifra tal med skuffekaker og det blir litt av ein haug med bakels og graut i lag med gratis kaffe til alle som vil ha.

Alle mann på dekk – frå venstre Nina Monsøy, Stig Morten Gjørsvik og Isak Gjørsvik Haltli. Foto Jon Olav Ørsal
Det er viktig med slike sosiale plassar for å treffast, og det er viktig å være så rause at vi kan by på litt av den gode trivselen og vise at vi bryr oss om at kundane trivest. Vi trur at vi får litt stemning av same type som vi opplever på Rørosmarknaden – og det gler vi oss til no!




