Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hærverk i garasjen

Hærverk i garasjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. mai 2010

Hos Aud Sund og Ola Øyen i Øyå har det i «nattens mulm og mørke» vore utført hærverk på ein kommode i garasjen. Tysdag kveld dreiv Ola og reparerte ei skuff i kommoden og siste turen han gjorde uti garasjen var det mesta mørkt. Da la han ikkje merke til noko uvanleg, så han trur ugjerninga er utført seinare på kvelde eller natta.

Onsdag morgon skulle han forsette dette arbeidet. da oppdaga han at det var gjort skadeverk på kommoden. Skuffefrontane var alle ripa opp. Truleg var dette utført med eit skrujarn som låg oppå kommoden. Skaden er såpass omfattande at kommoden er ødelagt og må kasserast.

Dette er rett og slett utriveleg sier Aud og Ola som lurer på kven som har gjort dette, og kva motivet kan vera. Så dersom du har sett noko som kan settast i sammenheng med dette vil Ola at du skal ta kontakt, så kanskje det blir oppklart. Det er ikkje teke stilling til om skadeverket skal meldast til politiet.

Publisert: 26. mai 2010, 19:12