Ein plass mellom 2-300 deltakar på gunnøydilten som i dag vart arrangert i Toåa tursti – med base ved gapahuken som er lokalisert ved Båthølen. Det er Todalen ILs trimgruppe som er arrangør, og i år er det for 6. gongen etter at Toåa tursti vart bygd ferdig i 2020. Trimgruppa sørga for sal av kaffe og tilbehør og hadde i tillegg fyr på bålpanna og sørga for nygrilla pølser til den som hadde lyst.
Som sagt var det godt over 200 som kom og vart med og «kasta glans» over arrangementet – i det fine vêret kunne folk kose seg med kaffekoppen og ta ein prat med naboen, eller kanskje dei trefte venner og kjente som dei ikkje har treft på ei stund. Alltid triveleg å treffe kjentfolk og ha god tid til å slå av ein prat. – Det kom nærast folk frå alle kantar og jammen var det full trøkk for servitørar og loddselgarar, men folk var tolmodige og venta på tur.
Som sagt var det sal av kaffe og pølser – i tillegg var det lynlotteri med mange gevinstar for den som ønska litt spenning på denne skjærtorsdageen. Vi har fått trekningslista som vi listar opp nedafor her:
- Blomster – Liv Larsen
- Påskegodt – Ebba, Eline og Elea
- Kaffe og sjokolade – Johan Todalshaug
- Solo og sjokolade – Svein Arne Flyum
- Eplemos – Arndis Søyset.
Alle vinnarane har fått sine gevinstar. Trimgruppe rettar ein takk til alle som ville være med oss og skape eit triveleg arrangement i dag! Elles kan vi minne om at den tradisjonelle «Kjerringdilten» går av stabelen på langfredag – med start for skirennet kl 13:00.

Trimgruppa i Todalen IL sto bak arrangementet – frå venstre Torill Talgø, Steinar Frøystad (vikar i dag), Sissel Halset Storslett og Anita Talgø. Foto Jon Olav Ørsal
Nedafor har vi lagt ut eit lite bildegalleri frå Gunnøydilten i dag – her treffer du kanskje kjentfolk? Alle foto Jon Olav Ørsal



