Gunnøydilten er ein god tradisjon som held på og blir godt innarbeidd. I dag er det klart for ny runde med Todalen ILs trimgruppe som vertskap. Det blir start i tidsrommet mellom kl. 12:00 og 15:00, og det er gode prognosar for vêret utover dagen sjølv om det er snø i lufta i morgontimane.

Elinor svingar svartkjelen og fyller på kaffe til Lars Olav Husby og Dordi Husby Fedje. Arkivfoto 2024 Jon Olav Ørsal
Trimgruppa byr på sal av kaffe og kaker, med litt atterhald for vêret så blir det og grilling av pølser, og sjølvsagt gratis saft til borna.
Elles blir det og eit lite påskelotteri, der du har sjanse til å bli ein vinnar!
Velkomen til å bli med på ei triveleg stund i Toåa tursti!


