Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste med streaming til nettet – oppdatert med ny link til overføringa

Jon Olav Ørsal Sundag 23. november 2025

I dag var det lagt opp til streaming av gudstenesta frå Todalen kyrkje, der mykje elektronisk utstyr var rigga til i kyrkja, der kyrkjetenar Oddvar Wæge var «kringkastingssjef» for ein dag.  Men det vart ikkje slik som Oddvar hadde planlagt, fordi det oppstod eit brot i breibandsleveransen frå Telenor, dermed vart det stopp på overføringa av gudstenesta. Dermed må dei hente fram det arkiverte opptaket og lage ei ny sending som kan leggast ut på YouTube.  Derfor blir nettutgåva av gudstenesta litt forsinka, men den kjem, seier Oddvar.  No er video frå gudstenesta lagt ut, og du kan berre klikke på linken for å få tilgang på sendinga – her kan du sjå gudstenesta frå Todalen kyrkje.

Kyrkjetenarane har fått ein litt avansert jobb etter kvart. Oddvar Wæge sørga for overføring av gudstenesta i dag, men vart broten da Telenors breibandsteneste svikta. Foto Jon Olav Ørsal

Dagens gudsteneste samla eit lite førtital med tilhøyrarar, og for høvet var det ny prest.  Det var Lars Skagestad, som er nytilsett prest i Indre Nordmøre prosti som vikar i dag. Resten av mannskapet var nok kjent, med Amund Valde som organist, Borghild Talgø som tekstlesar og Ola Bruset og Einar Husby som kyrkjevertar.

Samla til kyrkjekaffe etter gudstenesta. Foto Jon Olav Ørsal

Skagestad tok i dagens preike utgangspunkt i «Øyet som sjelens speil», og at eit godt syn er til god hjelp i livet, og at det hjelper oss å navigere trygt.  – Skagestad var forresten imponert over den flotte og kraftige salmesongen i kyrkja, og det er fint at vi har ein slik tradisjon at vi er med i allsongen. 

Lars Skagestad var prest i dag, medan Borghild Talgø var tekstlesar. Foto Jon Olav Ørsal

Dagens kunngjering er at neste gudsteneste kjem tysdag 12. desember kl 19:30 og er ei lysmesse.  Elles blir det konsert med P17-koret saman med orkester og solistar.  Det skjer søndag 30. november kl 15:00 – meir info om det kjem seinare.  Dagens takkoffer går til konfirmantopplæringa i soknet.  Dersom du vil være med og bidra til dette arbeidet kan du bruke Vipps nr 506908, opplyser soknerådet. 

Amund Valde er tilsett som organist og trakterte orgelet i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 23. november 2025, 14:03 - Sist oppdatert: 24. november 2025, 14:59