Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste med soknemøte

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mars 2026

Søndag var det ordinær gudsteneste med nattverd i Todalen kyrkje. Eit knapt førtital hadde møtt fram for å delta i gudstenesta med prost Vidar Wilhelmsen Rygh som liturg.  Etter gudstenesta var det ein kort kaffepause, før ein fortsette med soknemøte for Todalen sokn.  

Konfirmantane Jakob og Nathalie Astrid er hjeparar under gudstenesta. Foto Jon Olav Ørsal

Frå prekestolen hadde Rygh dgens preken, som hadde tema frå påskeforebuingane – og da Jesus metta 5000 i øydemarka.  Må også rose salmesongen – som vanleg var det mektig salmesong under gudstenesta. Vi er heldige som har så mange dyktige songarar som tek del i salmesongen. 

Kyrkjetenar Oddvar Væge orienterte soknemøtet om etableringa og bruken av minnelund. Foto Jon Olav Ørsal

Elles kan vi nemne at Borghild B. Talgø var dagens tekslesar/medliturg, medan Anita Talgø var kyrkjevert.  Kyrkjetenar var Oddvar Væge og organist Amund Valde.  Neste gudsteneste i Todalen er friluftsgudsteneste på Tjønnmyran på 2. påskedag (6. april) kl 12:00 (Merk tida!) Der blir det aktivitetar for borna og traktering.   Dagens takkoffer gjekk til Det norske misjonsselskaps arbeid i Etiopia. 

Vidar W. Rygh tok for seg kyrkjas rolle i ein total beredskapssituasjon. Interessant og aktuelt tema . Foto Jon Olav Ørsal

Etter gudstenesta var som sagt ein kort kaffepause før ein starta soknemøtet.  Her orienterte Borghild B. Talgø om aktiviteten i soknerådet det siste året.  Til saman har det vore 14 gudsteneste med 566 deltakarar i 2025 – noko som må seiast er bra respons.  Vidare var den nye minnelunden tema.  Her var det kyrkjetenar Oddvar Væge som orienterte om korleis den fungerer og litt omkring regelverket som gjeld for slike minnelundar.  Til slutt orienterte prost Rygh om arbeidet som er gjort, og korleis beredskapsarbeidet er tenkt handtert i kyrkja.  Mange mørke skyer på himmelen tvingar oss til å sette fokus på det viktige beredskapsarbeidet.   

Borghil Talgø er leiar i soknerådet, og orienterte om aktivitetane i soknerådet i 2025. Foto Jon Olav Ørsal

Frå gudstenesta i Todalen kyrkje søndag 15. mars Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. mars 2026, 16:01