Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste med konfirmantpresentasjon

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. september 2026

Søndag inviterte Todalen Sokneråd til gudsteneste i ei haustfargepynta Todalen kyrkje. Det var Pål Arne Winsnes som var prest denne søndagen, medan Oddveig Helset Halle var organist. 

John Moe ønskte på vegne av Todalen Sokneråd kyrkjelyden velkomne til gudsteneste. Einy Elgsæther las Herrens ord, som denne søndagen var henta frå Salme 40 og Paulus’ brev til romarane. 

Einy Elgsæther las Herrens ord under gudstenesta i Todalen kyrkje søndag. Foto: B G Ansnes

Hovudbodskapen i Pål Arne si preiken denne søndagen, var at han utfordra alle til å tenke på eit menneske ein kan sjå litt betre den veka som kjem. Eit menneske i familien, ein ven, nabo,  kollega eller nokon som blir oversett. Ta kontakt og vis at du bryr deg!

Konfirmantpresentasjon og lystenning

Neste års konfirmantar i Todalen kyrkje vart presentert under gudsteneste. Det er fire gutar som skal konfirmerast, Anders Mikael Ryan-Braaten, Anders Dalsegg Bruset, Tobias Talgø og Ådne Gjeldnes.

I tillegg vart Ola Vikan, som skal konfirmerast i Stangvik kyrkje, presentert denne søndagen. 

På spørsmål frå Pål Arne om kva dei fem gjorde på fritida, var det fotball, skyting og motocross som var favoritten, medan is, brownies og bakels med graut var favorittdesserten. 

I tillegg til at det vart tent lys for neste års konfirmantar, vart det også tent lys for Andrea Kvendset, som fekk 6-års boka og for dei to femtiårskonfirmantane Hildegunn Stengel og Mari Halset.  

Takkoffer til misjonsprosjekt i Etiopia
 
Takkofferet på søndag gjekk til misjonsprosjektet i Etiopia, der hovudfokuset er på å bekjempe fattigdom og styrke kvinners og minoriteters stilling. Prosjektet samarbeider med Den etiopiske evangeliske kirke Mekane Yesus (EECMY).
 
 
Siste post under sjølve gudstenesta var nattverd. 
 
Etter gudstenesta inviterte soknerådet til kyrkjekaffe.
Publisert: 13. september 2026, 12:58