Arbeidet med å bygge Statnetts kaianlegg i Todalsstranda er godt i gang. Frå den spede start for å lage anleggsveg er entreprenørene Geo fundamentering og Christie Nordang godt i gang med fundamenteringsarbeidet. Til no har det vore boring og påling på land, men måndag ettermiddag kom slepebåten Amazon slepande med ein lekter.

Måndag ettermiddag kom slepebåten Amazon med ein lekter for bruk i det vidare arbeidet med boring og påling. Foto Jon Olav ØrsaL
Tysdag ser det ut til at utstyr for boring og påling har vorte flytta ombord på lekteren og da vil nok grunnarbeidet fortsette uti sjøen, der den nye kaia skal bygges. Hensikten med den nye kaia er at Statnett skal ta iland to store transformatorer som skal fraktes vidare til Surna Trafostasjon i Øvre Surnadal. Det skal skje i april 2027, så det er nok litt travelt med å få på plass kaianlegget.

Mykje tungt utstyr som blir bruka til arbeidet med å bygge fundament til kaianlegget. Foto Jon Olav Ørsal
Det er stor aktivitet med bilar og utstyr utover stranda, slik at det er all grunn til å kjøre forsiktig og sette ned farten – forbi annleggsområdet er det nedsett hastigheit til 50 km/t.


