Ei varm oppvekstskildring innimellom vulgære dokker på Surnadal kino denne veka. «Millioner av dansker tar ikke feil. Dette er gøy», skriv Adresseavisen om fjorårets best besøkte film i nabolandet.
Rutete Ninja 3 er den siste animasjonsfilmen i denne serien. Og om ein ikkje har sett dei før, det uskuldige førsteinntrykket kan lure ein, for dette er relativt grovkorna – eller som NRK skriv: «Dette er politisk ukorrekt humor på kanten, med upassande onklar og fargerikt språk.»
Rob Reiner, som saman med kona si før jul vart brutalt drepen, hadde ei lang rekke med filmar på åtti- og nittitalet som har stått seg godt i ettertid, som til dømes «Da han møtte henne», med ei orgastisk kafé-scene, «Et spørsmål om ære», med Cruise og Nicholson og Stephen King-grøssaren «Misery».
Onsdag 14. januar klokka vise ein Filmklubben ein heilt annan Stephen King-filmatisering av Rob Reiner, nemleg filmen Stand by Me, som er ei skrekk-fri, følsam og tidvis artig oppvekstskildring der handling lagt til 1959. Filmen har fått ein skår på høge 8,1/10 på imdb.com.
Elles viser kinoen framleis Flåklypa, medan den siste Avatar-filmen truleg vil «flakse» bort frå kinolerretet etter siste framsyning på torsdag. Men fatt mot, det kjem ein ny film i serien om knappe fire år …
Heile kino- og kulturprogrammet ser ein på www.surnadal-kulturhus.no



