Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gratulerer med bronse til Nils Erik!

Jon Olav Ørsal Fredag 16. mars 2018

Medan dei fleste av oss har fått litt nattesøvn, har Nils Erik Ulset vore ute i sporet og sikra seg bronsemedalje under 15 km skiskyting i Paralympics. Med feilfri skyting sikra han seg altså 3.-plassen, etter canadieren Mark Arendz og Benjamin Daviet.

Dermed har Nils Erik nok ein gong sikra seg medalje frå Paralympics – dagens bronsemedalje er medalje nummer 9 i rekkja, og hans tredje Paralympics som altså foregår i PyeongChang i Sør-Korea.

Vi gratulerer Nils Erik med bronsemedaljen i  dag og med 4.- og 6.-plassen tidlegare i veka – litt av ein innsats!

 

Publisert: 16. mars 2018, 07:47