Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gratis familiekonsert med Even Jenssen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. februar 2026

Larudag 14. februar klokka 13:00 inviterer Surnadal bibliotek til gratiskonsert med Even Jensen i biblioteket sine lokaler i andre etasje på Surnadal kulturhus. 

I 2024 ga Even Jenssen ut barneplata Flamingo, og nå kjem han, Hallvar Haugdal og Anders Brønstad til Surnadal bibliotek for å spele konsert!

Ein får høre fine songer som Farfars flipperspill og En Donald på taket, som handlar om venskap, og morsomme innslag som Tellesangen, Du bli det du spis og Flamingo, songer om leik, godterieting og andre artige ting!

Songane frå Evens første plate, Over byen, har blitt spelt mykje på NRK Super, og dei er framleis populære på kanalen. Faktisk vart albumet også nominert til Spellemannprisen i 2020! 

Bli med på konsert og kos deg med musikken!, er offordringa frå biblioteket!

Først publisert: 12. februar 2026, 21:00 - Sist oppdatert: 13. februar 2026, 09:43