Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grå og våt tur til Rindal og Igeltjønna for stavgangarane

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. august 2026

Torsdag starta Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal haustsesongen med tur til Rindal og Igeltjønna. Vêrgudane hadde nok stått opp med feil fot denne dagen, for det vart grått og mykje nedbør for stavgangarane.

Våt dag ved Igeltjønna. Foto: Anne V. Einum

Sjølv om det var gråvêr, så var det sytten turglade pensjonister som vart med på tur til Rindal, og sjølvsagt vart det kaffeleg etter turen også denne gongen!  

Regnkle var nok eit fornuftig valg torsdag. Foto: Ingeborg Heggset

Neste veke håper stavgangarane på betre vêr. Da går turen til Todalen og Toåa tursti. Meir informasjon kjem seinare her på todalen.no

Kafferast under tak. Foto: Ingeborg Heggset

Publisert: 7. august 2026, 06:08