Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Gøitt» på «gaukvellj» i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. april 2026

Fredag og laurdag inviterer Surnadal Konseptutvikling (SKUV) til «gaukvellj» i Trudvang på Surnadalsøra. Og vi kan berre fastslå det først som sist, her er det tett mellom høgdepunkta. Her får ein se litt av det som skjer i kommunen vår, med litt skrå auger! Både fredag og laurdag opnar dørene klokka 19:00, og det er open bar fram til klokka 01:00. Laurdag er det også livemusikk med bandet «Guns`n Rolfses». 

Frå scena leverte Gøran Bolme, Nils Inge Aasgård, Kristian Nerland, Svanhild Husby, Line Indergård, Olav Mogstad, Øyunn Aune, Eirik Nordvik, saman med vokalistane Pål Sæther og Gunn Astrid Hove, det eine høgdepunktet etter det andre, med sjølvskrivne tekstar og mange sjølvskrivne melodiar.

Per og Gunn Astrid framføte songen «Når e møtt det fær første gång. Foto: B G Ansnes

Musikarane Rolf Paulsen, Gunn Astrid Hove, Erkki Morten Klami, Gard Rognskog Nødset og Torbjørn Kvande «krydra» det heile musikalsk på ein glitrande måte.

Tekstforfattarane er Olav Mogstad, Line Indergård, Nils Inge Aasgård, Øyunn Aune, Svanhild Husby og Gøran Bolme, medan Rune Dalager, Svanhild Husby og Karstein Mauset har skrive melodiar til somme av tekstane.

I første akt, får ein etter opningssongen i tur og orden stifta kjennskap med innslag om «Temu», «Dr. Nordvik», «Yogamusa», «Skummelt», «Dygnadsånd», «Snømennene» og «Surdeigskurs I». Teksten til opningssongen var skriven av Olav Mogstad.

Ein får også høyre den fine duetten «Når e møtt de fær første gång, skriven av Øyunn Aune og Karstein Mauset, framført av Pål Sæther og Gunn Astrid Hove.

Svanhild, Øyunn, Olav og Line framførte «Yogamusa». Foto: B G Ansnes

Sjølv om alle numra i første akt helt høgt nivå, så var spesielt «Dr. Nordvik», skrive av Nils Inge Aasgård og «Yogamusa», der Svanhild Husby har skreve tekst og melodi, akta sine høgdepunkt.    

Hos «Dr. Nordvik» møter ein ein pasient som har ein mistanke om at kona er utru i samtale med fastlegen sin, der det nok er meir snakk om økonomi enn helsefaglege spørsmål.

I «Yogamusa» møter ein nokre damer som har bestemt seg for å begynne å trene Yoga på det lokale treningssenteret med kjent instruktør.

I andre akt vart ein nærare kjent med «Tipstelefon», «Surdeigskurs II», Incaholic», «Tropisk fåggel», Stavganggruppa og «Dagen-derpå».

Olav og Øyunn framførte «Stavganggruppa» Foto: B G Ansnes

I andre akt fekk ein to fine duettar med Pål og Gunn Astrid i songane «Trudvang» (Judge tenderly of me) og «Færælska» (I`m so exited), der Øyunn Aune har skrive tekst til båe melodiane.

Også andre akt helt høgt nivå, men her må vi like vel nemne «Stavganggruppa», skrive av Olav Mogstad og ikkje minst «Dagen-derpå» skrive av Nils Inge Aasgård og Gøran Bolme.

Ein fekk i «Stavganggruppa» fekk ein ei grundig og godt dokumentert oppsummering av ein av Pensjonistforbundet Surnadal sine stavgangturar.  

I «Dagen-derpå» møtte ein Jesus som ikkje var heilt sikker på kva han hadde gjort i ei ganske fuktig påske. Men det kom etter kvart fram at han i alle fall hadde vore i Todalen og møtt brødrane Sand.

  

Nils Inge og Gøran framførte «Dagen-derpå, og her fekk dei verkeleg fram lattermusklane. Foto: B G Ansnes

Ein flott og artig «gaukvellj» vart avslutta med ein fin avslutningssong, der Svanhild Husby har skrive både tekst og melodi. Til forestillinga fredag er det framleis ledige billettarmedan det på laurdag er fullt. 

Ein kan trygt seie at «gaukvellj» i Trudvang vart ein gau kveld, der latteren satt laust og trivselsfaktoren var høg. Det er berre å gratulere SKUV-gjengen og ønske publikum god fornøyelse!

Fleire bilete frå «gaukvellj» kan ein sjå nedanfor:

Publisert: 24. april 2026, 09:00