Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Håkkåsteinen. – 33 vandrarar møttest på Dragset for å ta fatt på dei 4 kilometrane og vel 400 høgdemetrane opp til Håkkåsteinen, kan Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa fortelje.
– Vèret vart betre og betre opp Dragsetdalen, legg han til.
– Aller best vart det når vi nådde målet, – steinen som ein eller annan jutul hadde plassert oppe i skaret mellom Flatfjellet og Middagsheia på vasskille mellom Bøfjorden og Halsa, avsluttar han.
Belønninga for dei 33 etter motbakkane, vart ein velfortent rast og utsikt til Skålvikfjorden , øyane og havet utafor.




