Mellom klokka 17:00 og 18:00 vart det nye årets ringt i kyrkja. Etter midnatt skriv vi 2026, og kan ta i bruk eit nytt og ubruka år. Da vil vi sjå oss tilbake, og takke for at du har vore med oss gjennom gammelåret. Vårt slagord er «Todalen.no – kvar einaste dag», og det blir det også i fortsettinga.
Vår viktigaste suksessfaktor er nok nettopp det at vi har passa på og vore oppdatert – nettopp kvar einaste dag. Og det skal vi fortsette med! Heilt sia 2008 har vi passa på at nyheitene har funne vegen ut på verdensveven – i 2025 vart det 938 lokale nyheitssaker med nyheiter som er relatert til Todalen og nærmiljøet. Statistikken viser at det nærmar seg ein million visningar og over 130.000 beøkande på nettsida vår. Og lesartala ser ut til å være stabile, og vi har god tru for det nye året med deg på laget.
Godt nyttår!
Helsing Guro, Dordi Jorunn, Bjørn Gunnar og Jon Olav

