Aune Sand rosar besøkande i Galleri Sand Nordmøre, og seier at det er heilt utruleg kor mange som finn vegen innom galleriet i Pilskarvegen i Todalen. Den siste veka har galleriet vore ope frå torsdag til søndag, og det blir det og neste veke (veke 29) – med opningstid 12:00 til 15:00.
Det er heilt utruleg kor mange som stikk innom – dei besøkande er både lagvegsfarande og lokalt frå Indre Nordmøre. Merkar og at turisttrafikken en komen i gang, og at det er fleire enn normalt som nyttar høvet til å stikke innom Todalen når dei først er på Nordmøre. – Det er også artig når besøkande er så interessert og engasjert i det vi driver med og det er inponerande kor god kunnskap folk har om det vi driver med, seier Aune Sand til Todalen.no.
Opningstida i uke 29 er altså frå torsdag torsdag 16. til søndag 19. juli – alle dagar er det ope frå kl 12:00 til kl. 15:00


