Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt besøkt kunstutstilling – folk kjem langvegs frå

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2026

Galleri Sand Nordmøre, som er lokalisert i den nedlagte skulebygninga til Todalen skule, held opa kunstutstilling frå torsdag til søndag denne veka – alle dagar i tidsrommet frå kl. 12 til kl. 15.  På telefon på tur heimover gir han uttrykk for at det har vore veldig bra besøk i galleriet siste veke. Spesielt var det bra på laurdag og søndag, og Aune er imponert over kor mange som kjem langvegsfarande.  Han opplever stadig at folk kjører 3-4 timar for å kome til Todalen for å sjå jubileumsutstillinga.  

Litt for ein kvar smak i galleriet i gamle Todalen Skule. Foto Jon Olav Ørsal

Og han tykkjer det er artig at folk er så begeistra, og det er nok den beste reklamen vi kan få.  Folk som er begeistra fortel vidare til både naboer, slekt og venner.  No er heile kunstsamlinga samla i Todalen, og Aune skryter uhemma av kor flott gallerilokala har vorte i den gamle skulebygninga.  Så lenge det kjem så mange besøkande vil vi jobbe på for å utvikle dette flotte bygget og utnytte moglegheitene som ligg her, seier Aune Sand til Todalen.no

Publisert: 6. juli 2026, 12:00