Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt besøkt julegudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. desember 2025

Julaften var det faktisk eit lite hundretal som deltok i julegudstenesta i Todalen kyrkje.  Det var sokneprest Pål Arne Winsnes som heldt gudstenesta, med Einy Rendal Elgsæther som medliturg.  Med så bra besøk i kyrkja vart det ein flott allsong under gudstenesta – til tonar frå organistvikar Bernt Bøe.  

Tru, håp og kjærleik var tema for dagens preken – her får presten hjelp av Håkon for å illustrere dette.

Tema for dagens preken var tro, håp og kjærleik. og presten fikk god kontakt med den yngre garde under gudstenesta – og julaftan er da vel barnas dag til fulle.  Etterpå fikk vi eit flott soloinnslag med Svein Volle som nærast klarte å fylle kyrkjerommet med sin flotte solosong.  

Svein Volle opptrådte med solosong Foto Jon Olav Ørsal

Dagens takkoffer gikk til kyrkjelydsarbeidet, og vart teke opp ved utgangen. Dersom det er nokon som vil være med og bidra litt så er det fullt muleg ved å bruke vipps nr 506908 som går til det lokale soknerådet.

Håkon og Edvard sørga for god hjelp til å tenne adventlysa. Foto Jon Olav Ørsal

Elles vart de påminnt om nyttårsgudstenesta i Todalen kyrkje som er 31.12.25 kl 16:00.  1. juledag er det høgtidsgudsteneste i stangvik kyrkje og i Øye kyrkje som begge startar kl 12:00.  I Eidet bedehus er det familiejuletrefest 2. juledag.  Todalen sokneråd minner om juletrefest i Todalen ungdomshus 5. juledag (29.12) kl 15:00, her blir det gang rundt juletreet, kaffelag og triveleg samling  – gratis inngang.  

Sokneprest Pål Arne Winsnes hadde god hjelp av Einy R. Elgsæther som medliturg. Elles var Anne Hjørdis Telstad kyrkjetenar og Anita Talgø og Rune Moe kyrkjevertar. Foto Jon Olav Ørsal.

Først publisert: 24. desember 2025, 16:55 - Sist oppdatert: 29. desember 2025, 11:31