Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God stemning sjølv om vêret var grått

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. august 2026

(Trollheimsporten.no) Torsdag kveld inviterte Fiskeutvalget i Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til «fiskesommer» i Røe Slettneset på Nordvik. Målgruppa for sjølve fiskekonkurransen var barn og unge, og det var gratis å delta.

Atten håpefulle unge fiskarar møtte opp, sjølv om vêret var litt grått og vindfullt, men det var opphald stort sett under heile konkurransen og vinden vart ikkje noko problem.

Kenneth Sæterbø var grillmeister, og Tommy Thunestveit konstaterte at hamburgaren var god. Foto: B G Ansnes

Dei vaksne, som ikkje var med ut i båtane og publikum, fekk servert kaffe og grillmat medan dei unge fiskarane og hjelparar var ute på fjorden og fiska eller fiska frå moloen.

I år var det lov å fiske både frå båt og moloen. Foto: B G Ansnes

SJFF stilte med båtar slik at dei 13 deltakarane kom seg ut på fjorden for å prøve fiskelykka, men fisken var ikkje så lettlurt denne kvelden, så fangsten vart heller liten. Da alle var komne på land rundt klokka 20, var fasiten fire fiskar fordelt på 3 fiskarar.

Nytt av året var at ein også kunne delta i konkurransen ved å fiske med stong frå moloen.

Fem fiskar vart årets fangst. Foto: B G Ansnes

God stemning sjølv om fisken ikkje beit

Da dei to timane fiskekonkurransen varte var over, hadde dei 18 unge fiskarane fått fem fiskar. Men det såg ikkje ut til at liten fangst la nokon dempar på trivselen og stemninga. For Kenneth Sæterbø serverte nemleg hamburgarar og pølser med brød etter konkurransen var over.  

– Sjølv med liten fangst, så er vi veldig godt fornøyd med arrangementet og deltakelsen, sa Eirik Asphol Stivold i arrangementskomiteen.

– Det viktigaste er at folk kosar seg og har det artig, la han til.

Vinnarane i fiskekonkurransen, Alvin, Noah og Elea saman med Eirik Asphol Stivold. Foto: B G Ansnes

Fine premiar  

Alle som deltok fekk kvar sin buff, caps og skrin med slukar. I var alle med i gratislotteriet med fine premiar. Her vann Alvin Haga fiskarstong med utstyr frå SJFF og Bror Betten vann fiskeveske med mykje utstyr frå Intersport Olaf Moen.

Det var også premie for:

  • Lengste fisk, vunne av Elea K. Ansnes på uttrekning
  • Minste fisk, vunne av Alvin Haga
  • Største fangst, vunne av Noah Nordvik Guttormsen

Vinnarane fekk kvart sitt fiskeskrin med fiskekrokar.

Alvin Haga vann fiskestong med utstyr og Bror Betten vann fiskeveske med mykje utstyr. Foto: B G Ansnes

SJFF kan notere nok ein vellykka «fiskesommer». – Vi er allerede klare til å arrangere «fiskesommer» også neste år, så det er bare å begynne å glede seg, sa «fiskesommergeneralen» Ola Røe til slutt.

Publisert: 7. august 2026, 11:17