Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God respons, men framleis plass til fleire!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. november 2025

Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, i samarbeid med Hammerstuene og Martha Torvik, inviterer i år til gratis og rusfri lågterskeljulefeiring for absolutt alle, både einslege og familiar, på Hammerstuene onsdag 24. desember klokka 13:00 – 15:00. Påmeldinga har så langt vore god, men det er framleis plass til enda fleire, kan Elin Bøkleppp Kvande i Surnadal Røde kors fortelje. 

På julefeiringa blir det servert Ribbe, pinnekjøtt, riskrem, karamellpudding og kaffe. Det blir også sosialt samvær med julemusikk og allsong. Arrangementet er heilt rusfritt og er som sagt ope for absolutt alle!

– Påmeldinga så langt har vore bra, men vi har framle plass til fleire, seier leiar i Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, Elin B. Kvande.

– Vi håper difor at enda fleire har lyst til å vere med oss på julefeiringa, som altså er heilt gratis, rusfritt og opa for alle. Påmeldingsfristen er måndag den 1. desember, legg ho til. 

For å få oversikt over kor mange som har lyst til å vere med på å julefeiringa på Hammerstuene, ber Omsorgsgruppa om at dei som vil vere med på feiringa melder seg på til Elsa Kvande på telefon 909 40 755 eller Elin Bøklepp Kvande på telefon 980 21 255 seinast 1. desember.

Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors og Martha og Hammerstuene ønsker velkommen til julefeiring!

Publisert: 20. november 2025, 14:09