Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Glakoret! – Bli med i det nye Helsekoret…

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. august 2026

Har du lyst til å bli med på korsong?  – Da er kanskje det nye Helsekoret midt i blinken for deg.  Å synge i kor er veldig sosialt og vi legg ikkje lista høgare enn at alle kan bli med.
Korsong er ei positiv oppleving og for betre helse gjennom at du får oppleve trivsel i lag med nye venner. 

Rolf Arne Berg er dirigent for det nye Helsekoret. Foto SDH foreningen

Øvingane går føre seg på kantina på sjukeheimen kvar måndag kl 17, der Rolf Arne Berg er dirigent for koret.
Alle kan bli med i det nye «Helsekoret», sjølv om du har ei helseutfordring – dersom du vil kan du og ha med deg ein støttekontakt eller sjåfør. Og så er det gratis å være med. Prosjektet har nemleg søkt og fått økonomisk støtte frå DAM – eit tilskot på heile 40.000 blanke kroner, fortel Lilly Gunn.  
På plakaten nedafor finn du fleire opplysninga – er du i tvil om noko så er det berre å ringe.

Publisert: 12. august 2026, 05:00