Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gladnyheit for Surnadal kommune og Todalen om breibandutbygging

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. desember 2025

I ei pressemelding frå ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen, no på tidleg ettermiddag får vi gladnyheita om at Møre og Romsdal fylkeskommune har fått statlege midlar til breibandutbygging og at Surnadal kommune har fått over 3,6 millionar til utbygging av breiband i Settemsdalen, Østbødalen og Todalen.

Midlane er foreslått fordelt slik: 433.000 kroner til Settemsdalen, 938.000 kroner til Østbødalen, 2,27 millionar kroner til Todalen.

– Dette er eg glad for. Svært viktig for folk flest og næringsliv og beredskap. Gjer at vi som distriktskommune får økt bolyst og ei positiv utviklina, seier ein særs nøgd ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen. 

Dette er altså statlege midlar som blir fordelt av fylkeskommunen etter søknad. Høgre og Frp var kritiske på grunn av at det var snakk om mykje pengar til få, men det vart eit einstemmig vedtak i næringsutvalet i Møre og Romsdal fylke.

– Viktig at alle får tilgang til breiband, rask tilgang til nettet for alle uansett kvar ein bur i Norge er heilt nødvendig i dagens moderne samfunn, seier Per Ivar Lied, medlem frå Senterpartiet i Møre og Romsdal fylke sitt næringsutval.

Publisert: 4. desember 2025, 13:47