Demenskoret til Surnadal demensforening og helselag har fått namnet «Gladkoret», fortel leiar Liv Botten som er leiar i demensforeninga. Og namnet er med rette, for det er verkeleg ein glad gjeng som no er godt i gang med korøvingane. No nærmar dei seg tretti i talet, men det er enno plass til fleire, fortel Liv, som spesielt ønskjer at heimeboande med følgje skal møte opp og bli med.
– Som sagt så var vi mesta 30 som møtte på siste øving, og no har vi så smått starta med å øve på julesongane, og du kan tru det er koseleg, seier ho. Og alle blir så godt opplagt, glade og lette til sinns når vi takkar for denne gongen, og seier på gjensyn til neste måndag. Dette er ekte livsglede!
Og Gladkoret har altså øving kvar måndag i kantina/møterommet på Surnadal sjukeheim – start kl 17:00. Velkomne!


