Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjevilvatnet – milevis med fin skeiseis

Tekst Jon Olav Ørsal, foto Ola Bruset Onsdag 21. januar 2026

Inspirert av ein reportasje på «Norge i dag» på NRK, tok Ola Bruset turen til Gjevilvassdalen for å prøve skeiseisen som dei lokka med.  Det er no tjukk is på Gjevilvatnet, men på grunn av at vatnet er regulert er det grunn til å være litt forsiktig når du entrar skeiseisen.  No blir nemleg vatnet tappa ned for strumproduksjon og dermed blir det «hauis» på same måten som på Todalsfjorden, der det er flod og fjøre.

Det var litt hard og kald auståvind – snøen var blåst bort. Måtte være litt oppmerksam på åpne råker ved bekkeutløp og passe seg litt for sprekker i isen – men fine forhold for å bruke skeiser. Foto Ola Bruset

Men det gjekk greit å entre isen gjennom småbåthamna som ligg ved Osen/Gjevilvatnet. Derifrå var det fritt fram utover vatnet.  Det var ein del vind utover vatnet i dag, slik at det gjekk stort sett av seg sjølv utoveer. Ola trur han var ca ei mil utover, omtrent på høgde med Gjevilvasshytta, før han snudde og starta på heimturen.  På heimturen var det såpass mykje og kald vind at han gikk på land ein plass mellom Gjevilvasshytta og Osen – derifrå fortsette han til fots. 

Her ligg dei på rekkje og rad Blåhø og Gjevilvasskamman og speglar seg i isen – foto Ola Bruset

Som sagt var det tjukk og fin is, men der det rann bekkar uti vatnet var det som regel ei opa råk som ein måtte ta hensyn til. Men det var egentleg ikkje nokon fare, for råkene var lette og sjå slik at ein kunne styre unna.  Men tanke på adkomst til Osen, så er det brøyta bomveg frå Festa og oppover dit.   

Publisert: 21. januar 2026, 18:00