Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjentek suksessen med «drop-in» bryllup

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. januar 2026

Kyrkja i Surnadal gjentek suksessen med «drop-in» bryllup i Øye kyrkje på Valentinsdagen, I fjor var der fire par som «droppa innom» og gifta seg denne dagen. I år er Balentinsdagen på ein laurdag, ein prefekt dag å ha bryllup på!, Kyrkja i Surnadal inviterer difor til «drop-in» bryllup lørdag 14. februar i Øye kyrkje for par som ønsker å gifte seg på kjærleikens dag.

Sokneprest Pål Arne Winsnes og organist Amund Valde står saman med kyrkjetenarar klare til å gjere Valentinsdagen 2026 til ein stor dag for par som vil gje kvarandre sitt ja framfor alteret. Her er det mogleg å gjere Valentinsdagen til ein minneverdig dag for alltid. Kyrkja i Surnadal pyntar Øye kyrkje til fest, så her er det berre å kome seg over dørstokken!

Også i år blir det lagt vekt på høgtid og ei fin ramme rundt seremonien. Det blir orgelmusikk, blomster på alteret, noko godt i glasa etter viinga og den særeigne roen som berre kyrkjerommet kan gje. Viingane blir gjennomført som ordinære kyrkjelege vigslar, med ord til brudeparet og velsigning.

Inviterer til «drop-in» bryllup. Foto: Kirken

– Fordelen med en slik type vigsel er at man slipper å rigge et stort bryllup med selskap etterpå. Her kan man komme innom å vie seg, og så fortsette lørdagskvelden med taco hjemme, seier Tor Rune Halset, kyrkjeverje i Surnadal.

For å kunne gifte seg denne dagen må nokre formelle krav vere på plass i forkant. Båe partar må ha eit ønske om å gifte seg, og det må føreligge gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten. Denne bestiller ein på skatteetaten.no. Behandlingstida kan variere, så her er det viktig at ein startar prosessen så raskt som mogleg, slik at ein får attesten til den 14. februar. Når ein mottek attesten frå Skatteetaten, må denne leverast til kyrkjekontoret med ein gong. Paret må også ha to forlovarar, men paret står fritt til å invitere med seg så mange – eller få – gjester dei sjølv ønsker.

Viinga vil gå føre seg laurdag 14. februar mellom klokka 12:00 og 15:00. Kyrkjekontoret ber om at interesserte tek kontakt i forkant, for å avtale tidspunkt. Kyrkjekontoret når ein på telefon 71 65 70 60.

Først publisert: 22. januar 2026, 07:00 - Sist oppdatert: 21. januar 2026, 17:48