Laurdag frå kl 00:00 gjenopna laksefisket i Toåa, og litt regnvêr dei siste dagane sørga for at det var fin fiskarelv for fluefiske som møtte fiskarane. Det var nemleg stor interesse for å prøve laksefisket og alle fiskekort var i bruk. Resultatet frå laurdagens fiske var 1 sjøaure og 3 laks.
2 av laksane vart tekne i Raubekkhølen, ein på 1,9 kg og ein mellomlaks på 4,4 kg. Vidare vart det teke ein sjøaure på 1,2 kg i Nydammen og til sist ein liten laks på 1 kg ved lakssteinen. Alle fire vart sett ut igjen, og får ein ny sjanse i livet.
Regnvêret laurdag gjorde at Toåa voks frå rundt 7,0 m3/sek laurdag morgon til 13,3 m3/sek kl 07 søndag morgon ved NVEs målestasjon ved Storfossen. Fremdeles er det fin fiskarelv med tanke på fluefiske. Toåa er no opna for fluefiske fram til utgangen sesongen som er 31. august kl 24:00. Fiskekort kjøper du på elveguiden.no .

