Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Generelt bålforbod frå onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. april 2026
Mellom onsdag 15. april og tysdag 15. september er det generelt bålforbod i Norge. Da er det normalt ikkje lov å tenne bål, bruke eingongsgrillar, bålpanner og annan open eld, i skog og utmark, uten godkjenning frå Surnadal kommune.

Unntak frå reglane er:

I tidsrommet da det generelle bålforbodet gjeld er det likevel lov å gjere opp eld/tenne bål der det er lagt til rette for dette og at slik open eld ikkje kan starte ein brann. Forbodet omfattar ikkje innmark eller i eigen hage.

Ein har lov til å grille eller bruke bålpanne på stader som ligg langt unna skog og utmark, så lenge ein meiner dette er trygt. Dette kan for til dømes vere:

  • dersom det ligg snø på bakken eller det har regna i lang tid
  • ein grillar på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon
  • ein grillar på tilrettelagte grill- og bålplass godkjent av kommunen

Meld frå i god tid!

Dersom ein ønsker å tenne vanleg bål, pinse- eller sankthansbål, må ein sende søknad til Surnadal kommunen i god tid før ein har planlagt å tenne bål eller bruke annan open eld. Det er berre lov å tenne bål med reint trevirke. Brenning av hageavfall eller anna avfall er uansett ikkje lov.

Søknadsskjema for å få lov til å brenne bål

Publisert: 16. april 2026, 09:00