Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Generasjonsskifte i fokus på temadag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. april 2026

(Trollheimsporten.no) Fredag inviterte Surnadal Næringsforening, Rindal Næringsforum og SpareBank 1 SMN til temamøte om generasjonsskifte med lunsj.Bedriftsrådgjevar i SpareBank 1 SMN på Sunndalsøra og i Surnadal, Maria Ørsund, ønskte på vegne av arrangørane velkommen til ein god lunsj på Frich’s Hotel Surnadal.

Her fekk deltakarane på temamøtet også høve til snakka saman om generasjonsskifte og andre tema.

Etter lunsjen flytta forsamlinga seg over på Surnadal kulturhus og Kammerset der sjølve temamøtet gjekk føre seg.

Espen Temre hadde eit interessant og lærerikt foredrag om generasjonsskifte. Foto: B G Ansnes 

Espen Temre med interessant foredrag om generasjonsskifte

Espen Temre frå SpareBank 1 Regnskapshuset var først ute med eit interessant og lærerikt foredrag om generasjonsskifte. Temre understreka at det var viktig å bruke god tid, slik at både foreldregenerasjonen, barn som overtek og barn som ikkje overtek vart nøgd med prosessen og resultatet.

Han understreka også at det var viktig at også kundar og tilsette var nøgd med resultatet.

I eit generasjonsskifte er dei overordna måla at alle partane er nøgde og at ein unngår uheldige eller utilsikta konsekvensar.

Dette oppnår ein best ved å ha ein god prosess, der alle partar blir høyrt, alle får same informasjon. Ein må også ha ei god kartlegging for å finne ut kva som er best for bedrifta, kva er best for familien, kven skal drive vidare, er barn(a) dei rette til å eige eller bør eigarstrukturen endrast.

Det er også viktig å finne ut kva den eldre generasjonen skal leve av i framtida, kva verdi har bedrifta, når skal eigarskiftet gjennomførast og korleis skal verdiane fordelast mellom arvingane.

Temre kom også inn på korleis generasjonsskiftet kan gjennomførast i ulike selskapstypar.

Ingrid Kvam Moen delte eigne erfaringar

Ingrid Kvam Moen frå A. Kvam i Rindal delte sine eigne erfaringar i samband med generasjonsskiftet. Ho overtok den mekaniske bedrifta etter sin far i starten av totusentalet, eit selskap som vart starta som ei røyrleggarbedrift i 1980, men som etter kvart utvikla seg til å bli ei mekanisk bedrift. 

Moen sa ho vart skikkeleg overraska da ho, som er utdanna førskulelærar og som den gongen arbeidde som det i Surnadal, fekk spørsmål om å overta bedrifta.

Ho tok utfordringa på strak arm, og sjølv om det var ein stor overgang å bli leiar for ei mekanisk bedrift kontra å arbeide som førskulelærar, så fekk ho heile vegen god oppbakking både frå familie og tilsette i bedrifta, noko som har vore heilt avgjerande for ho.

Ingrid Kvam Moen overtok Alf Kvam i starten av totusentalet. Foto: B G Ansnes

Alf Kvam var eit enkeltmannsføretak, men da Moen overtok vart det omgjort til eit aksjeselskap under namnet A. Kvam, der aksjane vart fordelt på familien.

Ho understreka at det ved generasjonsskifte er viktig at den overdragande part, etter kvart, «gjev slepp» og trekker seg tilbake og lett overtakande part få ta over den daglege styringa fullt og heil.

– Å drive ei slik bedrift som A. Kvam er ein livsstil, og skulle ein til dømes vere heime med sjukt barn, ja, så vart det å ta med barnet på arbeid, plassere det på ei madrass på nabokontoret og arbeide som vanleg, sa Moen.

Ho kunne også fortelje at dei no har starta prosessen med neste generasjonsskifte i A. Kvam, og mykje tid går med til å tenkje korleis ein skal gjere dette og når det skal gjerast.

Kari Stensby Ranes, teamleiar i SpareBank 1 SMN Regnskapshuset delte ut fortent blomster til Ingri Kvam Moen og Espen Temre for gode foredrag. Foto: B G Ansnes

Fortent blomster til Temre og Moen

Til slutt takka teamleiar i SpareBank 1 SMN Regnskapshuset, Kari Stensby Ranes, Temre og Moen for to gode og interessante foredrag om generasjonsskifte. Ho gav dei to kvar sin velfortente blomster som takk for foredraga.

Publisert: 17. april 2026, 18:15